Henrik Ibsen tok opp mange omstridde og tabubelagte tema. Han kritiserte samfunnet og skreiv blant anna m incest og kvinneundertrykking. Ibsen hadde moderne haldningar, og var inspirert av den danske litteraturkritikaren Georg Brandes. Brandes meinte at "Det, at Litteratur i vore Dager lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat". Ibsen skapte debatt om forholdet mellom kjønna, samfunnet, aktiv dødshjelp og ekteskap.

Amalie Skram var ein norsk-dansk naturalistisk forfattar. Gjennom sitt forfattarskap ønsket Skram å setje søkjelyset på kvinner som ikkje fant seg til rette i ekteskapet. Skram skreiv også romanar der ho drøfta forholdet mellom galskap og normalitet. Skram var sjølv innlagt på Gaustad ein periode i 1877 og brukte derfor eigne erfaringar i romanane ho skreiv. Som mange andre forfattarar på denne tida, møtte Skram motstand. Særleg i Noreg fekk romanane hennar dårleg omtale, og ho valde derfor å kalla seg dansk forfattar.
August Strindberg var ein svensk forfattar som levde frå midten av 1800-talet til 1912. Han framsto for mange som ein av dei viktigaste i det moderne gjennombrotet. Strindberg hadde eit delt syn på kvinner, han støtta stemmeretten til kvinner, men uttalte også: "finns det någon så elak, småaktig, lumpen, hård, hjärtlös som kvinnan?". Strindberg hamra laus mot både det eine og det andre, han var blant anna ein periode sterkt kritisk til religion.
http://no.wikipedia.org/wiki/Amalie_Skram
http://no.wikipedia.org/wiki/August_Strindberg
http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rnstjerne_Bj%C3%B8rnson
http://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_Ibsen
A.Jamisko m.fl: SPENN - norsk for studieførebuande utdanningsprogram (2008) Oslo. Cappelen Damm