
Som den vêrsjuke personen eg er, kan du tru eg strålte som ei sol (hehehe) da eg kjende sola stråle rundt meg på tysdag. Heilt ut i frå det blå (hehehe igjen) kom sola og smelta snøen på vegane og gjorde aktivitetsdagen til ei fantastisk oppleving. Eg kunne kjenne kva effekt sola hadde på meg. I likskap med snøen, kjende eg at isen inni meg smelta og at eg blei mykje lettare å ha med å gjere etter at sola hadde gjort sitt. Dette blei veldig djupt til meg å vere, men ein må jo vere litt djup innimellom også. Godvêret har enno ikkje gitt seg («bank i bordet» eller kva ein seier...), og eg ser fram til å sjå løvetann, krokus og plussgradar snart. Det er nemleg framleis minusgradar ute, men eg lar meg lure kvar dag og tar på meg vårkler og endar opp stivfrosen. Dette må ha vore den kaldaste og lengste vinteren på mange, mange år. Derfor er resonnementet mitt at det vil vere heilt på sin plass at vi no får ein lang og varm vår.
Vårens blomster
Jeg er våren kom så skal du se,
varme, sol og lys jeg bringer med.
Blomster, trær og planter, allting gror.
Håp og glede følger i mitt spor.
Diktet er henta frå denne sida:
http://ewian.com/index-filer/sanger_hovedside-filer/vaarens_blomster.htm