torsdag 27. august 2009

Matt 18.20



Sist veke las vi novella Matt 18.20 på skulen. Matt 18.20 vart skreve av Tor Åge Bringsværd i 1957. Novella blei ikkje gitt ut før i 1969, da som ein del av novellesamlinga «Rundt solen i ring». Novella handla i korte trekk om ei kyrkje for kvite og ein neger som ikkje var ønska der. Dagens tekst i kyrkja, Matt 18.20, skal også vise seg å ha tyding for temaet i novella.

Matt 18.20 innehald dei klassiske verkemidla brukt i noveller. Det er få sentrale personar og handlinga går over eit kort tidsrom. Som i dei fleste noveller følgjer også Matt 20.18 eit mønster med ei innleiing før det byggjer seg opp til eit vendepunkt mens vi til slutten får ei løysing der vi får høyre kva som blei konsekvensane til negeren som ikkje gjekk ut av kyrkja for kvite. Ei anna ting som er typisk for noveller er at det er lite skildringar av korleis det ser ut der. Berre dei mest nødvendige tinga er altså med. Novella er skreve frå ein autoral synsvinkel, som vil sei at forteljaren står utanfor historia.

Ein kan sei mykje om tema i denne novella, da vi gjekk igjennom Matt 18.20 i klassa blei både rasisme og guds kjærleik føreslått, og eg må sei meg einig i begge føreslaga. Slutten på novella er ganske overraskande, det siste avsnittet ser slik ut:

''Bøddelen sa etterpå til sin kone: "Det var et merkelig menneske. Han sa ikke et eneste ord under hele rettssaken. Bare stod der og så på oss med disse store, varme hundeøynene sine. Men selv om han var aldri så mørk i huden, tror jeg ikke han var ordentlig neger. En slags bastard kanskje. Men du skulle sett hendene hans! Han hadde et dypt sår i hver håndflate – som om noen hadde moret seg med å drive nagler gjennom dem. Stakkars jævel.''

Dei aller fleste vil her sjå eit samband mellom negeren i kyrkja og Jesus. Dagens tekst i kyrkja, Matt 18.20, får ei anna tyding no som ein kan sjå denne samanhengen: « For hvor to eller tre er samlet i mitt navn, der er jeg midt iblant dem». Kanskje var ikkje negeren så ille like vel.

Bilete er henta frå: http://www.orthodoximages.com/images/icons/patrons/saint_elizabeth_convent/Matthew_4x6.jpg

1 kommentar:

Ingunn sa...

Eit bra innlegg. Du har fått fram sentrale trekk i novella, og du peiker på moglege tolkingar. Eg ser også at du er på veg til å meistre nynorsken.