mandag 8. februar 2010

Sjanger-skrivedag Vol.2 nynorsk edition

Sist måndag hadde vi skrivedag. Alle hadde skrive ein tekst til måndag, som vi skulle jobbe vidare med på skulen. Ein del av arbeidet var å gå saman i responsgrupper for å få kommentarar og tilbakemeldingar på det vi hadde skrive. Eg synst responsgrupper er veldig greitt når det kjem til enkle feil som skrivefeil og dårlege formuleringar. Det er også praktisk å få nokon andre til å lese teksten sin, ettersom man fort ser seg fornøgd med ein gong, framfor å sjå etter betre formuleringar. Kjem ein på gruppe med ein som ikkje har skrive akkurat same oppgåva som deg sjølv, er det ikkje like greitt å få tilbakemeldingar på innhald synst eg. Når ein har jobba med ein oppgåve og prøvd seg fram, er det beste å få tilbakemeldingar frå ein som har skrive same oppgåva som deg sjølv.

Eg fekk utan tvil noko ut av å arbeide i grupper. Eg fekk gode tilbakemeldingar som gjorde at eg endra på enkelte ting i teksten min, og eg fekk idear til tittel og avslutning. Alt i alt var eg fornøgd med sluttresultatet då eg leverte oppgåva.


http://ida-invalida.blogspot.com/2010/02/sjanger-skrivedag.html

1 kommentar:

Malin sa...

sykt fet overskrift ida =)=)=)